Nye billettprisar frå 1. januar 2024

1. Januar 2024 kjem ei prisendring for FRAM. Prisane blir endra som resultat av auka priser på tenester elles i samfunnet. Alle inntektene frå billettane går til å oppretthalde kollektivtilbodet.  

Frå 1. januar blir det auka prisar for dei fleste billettypar, og auken utgjer i gjennomsnitt 4,3 %. Dette motsvarar indeks for kommunal deflator som settast i statsbudsjettet. Billettinntektene går i sin heilheit tilbake til kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.

- Billettinntektene er viktige for at vi framleis skal ha et attraktivt kollektivtilbod. Også kollektivtrafikken har fått auka kostnadar slik som mange andre tenester i samfunnet, seier leiar i FRAM marknad, Toril Karlsnes. 

Uendra pris for ungdom

Prisen på FRAM Ung blir uendra med 450 kr for 30-dagarsbillett. Denne billetten gjeld for buss og hurtigbåt i heile fylket. Det kan vere verdt å merke seg at andre billettypar kan vere billegare dersom ein ikkje har behov for å reise i større delar av fylket. 

FRAM honnør blir nytt produkt

Frå 1. januar introduserast billetten FRAM Honnør. Denne vil koste 570 kr for 30 dagar. 

- Å tilby eit slikt produkt til denne aldersgruppa vil kunne auke attraktiviteten med å ta buss, seier Karlsnes. 
- Ny funksjonalitet i nettbutikk gjer det også mogleg for andre, for eksempel eit familiemedlem, å kjøpe dette produktet «på vegne av», slik at terskelen blir låg.

Prisar buss 2024:

Sone

Enkeltbillett Vaksen

Enkeltbillett Barn/Honnør

Periodebillett

Vaksen

Periodebillett Barn/Honnør

1

46

23

678

407

2

92

46

939

563

3

138

69

1627

976

4

184

92

1627

976

5

275

138

1627

976

6

459

229

1627

976

7

505

252

1627

976

  8

551

275

1627

976

9

597

298

1627

976

Prisar buss hurtigbåt 2024:
For full oversikt over alle delstrekningar, sjå billettar og prisar. 

Strekning

Enkeltbillett Vaksen

Enkeltbillett Barn/Honnør

Periodebillett

Vaksen

Periodebillett

Barn/Honnør

Hareid - Ålesund

130

65

2 201

1 101

Langevåg – Ålesund

73

37

1 763

882

Hamnsund - Ålesund

115

58

2 128

1 064

For reisande som brukar både buss og hurtigbåt, vil det i mange tilfelle vil lønne seg å kjøpe FRAM Vaksen eller FRAM Ung.