Ny morgonbuss frå Furneset ferjekai

Frå måndag 5. februar utvidar FRAM rutetilbodet på linje 247 Vestnes-Vikebukt-Tresfjord-Vestnes.

Det blir sett opp ein ny tur på linje 247 frå Furneset ferjekai kl. 05.30 til Vestnes sentrum via Tresfjord på kvardagar. Det er lagt opp til fast korrespondanse med linje 100 FRAM Ekspress Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund på Vestnes sentrum mot Ålesund Rådhus  

Dette vil gje eit morgontilbod for passasjerar i området rundt Tresfjorden som skal vidare til Ålesund.  

Sjå oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren i FRAM-appen eller på frammr.no.