Ny haldeplass ved Ålesund sjukehus frå 8. desember

Frå måndag 8. desember stoppar bussane på Borgundvegen. Bussane køyrer ikkje lenger ned bakken til sjukehuset.

Årsaka er ombygging ved Ålesund sjukehus, der hovudinngangen er flytta mot nord. Den nye haldeplassen ligg i Borgundvegen, og heiter i dag “Sjukehuslomma”. Denne vil endre namn til “Ålesund sjukehus” frå 8. desember. 

Frå første avgang om morgonen 8. desember vil bussane kun stoppe i Borgundvegen. Det er laga ein universelt utforma gangveg fra haldeplassen, via Passasjen Parkering, til sjukehuset.  

Sjå FRAM-appen og frammr.no for oppdaterte rutetider og kart som viser plassering av haldeplassen.