No kan du kjøpe billettar til FRAM sine busslinjer i Entur-appen.
Terje Aamodt
Entur har jobba lenge for å samle billettar for all offentleg kollektivtransport i éin app. No kan reisande kjøpe alle enkeltbillettar i appen, i tillegg til periodebillettar for fleire område. I Møre og Romsdal gjeld dette førebels enkeltbillettar til FRAM sine busslinjer, men planen er å inkludere billettar til hurtigbåt i framtida.
Togbillettar til reiser med Vy, SJ og Go-Ahead er også tilgjengeleg i Entur-appen. Alle billettar er utan påslag i prisen.
Særleg nyttig på reiser utanfor fylket og på nye stader
Christel Borge, administrerande direktør i Entur, fortel at Entur-appen er spesielt god for dei som reiser til stader der dei ikkje ferdast til dagleg.
– Vi og kollektivselskapa har eit felles mål, og det er å få fleire til å reise kollektivt. Då må vi gjere det enklare å velje kollektivt – også for dei som skal til ein stad dei ikkje er kjend, og når dei treng å nytte kollektivmiddel frå ulike kollektivselskap. Det gjer vi ved at dei kan finne alle reiser og kjøpe billettar på eitt stad – utan tillegg i prisen, understrekar Borge.
FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, støttar Borge.
– Vi set pris på å ha våre enkeltbillettar til buss tilgjengelege i Entur-appen, og vi jobbar saman med Entur for å også få på plass billettar til hurtigbåt. Særleg for reisande som anten kryssar fylkesgrenser eller er på nye stader, kan det vere nyttig å finne og betale for reisa i reise-appen til Entur, seier Toril Karlsnes, marknadssjef i FRAM.
Karlsnes presiserer at FRAM-appen ikkje blir erstatta av Entur-appen.
– Det er framleis i FRAM-appen vi har dei fleste billettane våre og informasjon om kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Entur-appen er eit supplement til dette, og er ein praktisk app til lengre reiser.
Om Entur
Entur er eit statleg eigd teknologiselskap med ei viktig samfunnsoppgåve; å få fleire til å velje kollektive, berekraftige reiser.
Entur utviklar og tilbyr gjenbrukbare løysingar for mest mogleg komplett og saumlaus reiseplanlegging og billettering til hele kollektiv-Noreg.