MF Stetind blir ny hovudferje på Brattvåg - Dryna

Tek over for MF Haram frå onsdag 19. november. 

Bilde av ferje - Klikk for stort bileteMF Stetind Torghatten Nord

Det har reiarlaget Torghatten meldt til FRAM.

MF Stetind går inn i ruta onsdag 19. november.

MF Stetind har høgare kapasitet enn MF Haram, med plass til 46 personbileiningar (PBE) og 6 vogntogeiningar (VTE), mot Haram sine 35 PBE og 3 VTE. Fartøyet har gått i Nordland og Troms dei siste åra, og har vore brukt som sommarferje på Andenes–Gryllefjord. Det har også trafikkert sambanda Svolvær–Skrova–Skutvik og Melbu–Fiskebøl.  

MF Stetind har ein fart på 14,5 knop, salong over dekk og ei gjennomkøyringshøgd på 4,4 meter.  

Fartøyet er lukka. Dette inneber at passasjerane ikkje kan vere i bilane under overfart.