Linje 220 Geiranger-Trollstigen-Åndalsnes vil ikkje køyre i sommar

Linje 220 Geiranger-Trollstigen-Åndalsnes blir innstilt i sommar på grunn av at Trollstigen er stengd ut året. 

Dette gjeld vegen frå Åndalsnes-sida.

Vegstrekninga er stengd for all trafikk, også sykling og gange. 

Trollstigplatået er framleis ope med tilkome frå Valldal-sida, men FRAM vil ikkje ha noko buss frå Valldal til Trollstigen.

Det er mogleg å reise med buss mellom Åndalsnes og Geiranger via Sjøholt eller via Moa til Hellesylt og turistferje frå Hellesylt. Bruk reiseplanleggaren på frammr.no eller i FRAM-appen for å finne reiserute.

Det blir arbeidd med planar for sikring av vegen, men det manglar finansiering og arbeidet vil uansett ta tid slik at vegen ikkje kan vere open denne sesongen.