Larsnes ferjekai stengt frå tysdag 20. august

Når Larsnes stenger skal ferjene i sambandet gå via Årvika. Nytt felt for biloppstilling i Årvika blir ikkje klart før måndag 26. august, noko som inneber ei omkøyring.

Når Larsnes ferjekai stenger 20. august skal ferjene i rute 1066 Larsnes– Åram–Voksa–Kvamsøya gå via Åram ferjekai. I Årvika blir det no gjort klart for å kunne ta imot trafikken som vanlegvis går frå Larsnes og ut til øyane, mellom anna med ekstra oppstillingsfelt.

På grunn av forseinka oppstart på arbeidet blir ikkje Årvika ferjekai klar før måndag 26. august. Dette inneber at dei som skal med bil til øyane mellom 20. - 26. august må ta omkøyring med ferje via Årvika - Koparnes, køyre til Åram og ta ferja vidare derifrå.  Frå same dato vil det bli to ferjer i sambandet Åram-Voksa-Kvamsøya i staden for ei.

Etter planen blir arbeidet på Larsnes ferjekai blir ferdig i slutten av november.

Ekstra avgangar med passasjerbåt

Frå 20. august og i heile stengeperioden vil samfunnsbåten MS Liv ha ekstra avgangar frå Larsnes. 
Når det gjeld buss, vil avgang linje 310 frå Hareid - Åheim søndagar kl. 20.26 endrast til å gå via Årvika - Koparnes.

Årvika - Koparnes går som normalt

Rute 1067 Årvika–Koparnes vil gå som normalt i perioden, her er den einaste endringa at avgangen kl. 22.30 frå Koparnes blir endra til kl. 22.45 på alle vekedagar.

Rutetidene for ferjene og samfunnsbåten er å finne i reiseplanleggaren på FRAM sine nettsider, eller i FRAM-appen. Dei ligg også ute som PDF på nettsidene, under ferjer og under hurtigbåt.