Kviltorpvegen opnar frå 1. mai – busslinje 701 gjenopptek si vanlege køyrerute

Frå og med onsdag 1. mai vil Kviltorpvegen i Molde igjen vere open for gjennomkøyring. Dette betyr at busslinje 701 vil gjenoppta si vanlege køyrerute frå denne datoen.

Kart med raud linje som viser køyreruta for busslinje 701. Den raude linja viser at busslinje 701 vil køyre gjennom Kviltorpvegen og inn på Frænavegen. - Klikk for stort bileteFrå 1. mai vil busslinje 701 køyre slik den raude linja i kartet viser.

Linje 701 har sidan november i fjor køyrt ei alternativ rute via Enenvegen–Nøisomhedsvegen–Jupitervegen på grunn av vegarbeidet i Kviltorpvegen.

Når 701 no kjem til å køyre gjennom Kviltorpvegen igjen, betyr det at den også vil betene busstoppet Øvre Berg. I tillegg vil bussar igjen stoppe på Lager Berg, som har ikkje vore betent i byggeperioden.

Reisande kan finne oppdatert ruteinformasjon i FRAM-appen eller her på frammr.no.