Kvanne–Rykkjem og Arasvika–Hennset får endra rutetider frå måndag 22. januar

Ferjene som til vanleg høyrer til på sambanda blir sett inn igjen 22. januar. Grunna byggearbeid på Kvanne ferjekai har det vore endringar i fartøy og rutetider, og på Arasvika – Hennset går ein no tilbake til ordinær rutetabell.  

Kl. 11.00 på Kvanne - Rykkjem

Frå måndag 22. januar kl. 11.00 kjem ferja M/F Stangvikfjord tilbake på sambandet Kvanne – Rykkjem. Rutetabellen blir då utvida med to ekstra rundturar på kvardagar og søndag.  

Endringar i bussar mellom Molde og Trondheim

Bussavgang kl. 21.10 frå Molde vil no fortsette til Surnadal slik som tidlegare. Avgangen kl. 19.45 frå Trondheim blir utsett til kl. 20.05, dette for å passe med rutetidene på ferja frå Kvanne. Bussen vil fortsette til Sunndalsøra slik som tidlegare.  

Kl. 14.00 på Arasvika - Hennset

Frå måndag 22. januar kl. 14.00 vil ferja M/F Driva ta opp igjen ruta på sambandet Arasvika – Hennset. Som følgje av dette blir den ordinære rutetabellen tatt inn igjen slik den var før 29.november. På morgonen før ferjebytte skjer vil rutetidene vere slik dei hare vore etter 3.januar.

Det har sidan november i fjor vore endringar i rutetidene grunna forsterkingsarbeid på Kvanne ferjekai. Arbeidet i vil halde fram til om lag slutten av april 2024.  

Oppdaterte rutetider hos FRAM

Det kan bli mindre endringar på sambandet i denne perioden, og ein må halde seg oppdatert på rutetidene i reiseplanleggar på nettsidene til FRAM og i FRAM-appen. Her vil det til ei kvar tid vere riktige rutetider.