Kårstadvegen i Volda stengt i to døgn: endringar for fleire bussruter

Kårstadvegen i Volda blir stengd frå torsdag 19. november kl. 16.00 til fredag 20. november kl. 23.59. Stenginga fører til mellombelse endringar for bussrutene 338, 340 og 341.

  • Den korte bussrunda mellom sentrum og sjukehuset vil i perioden køyre via Elvadalen, Sjukehusvegen, Systervegen og Kløvertunvegen til sjukehuset, før den returnerer via Heltnevegen og Elvadalen.
  • Rutene som går til Bratteberg vil køyre same omveg fram til sjukehuset, og deretter følge ordinær trasé.
  • Skulebussane til Volda vidaregåande skule må i perioden nytte Lærarskulebakken.
     

Sjå oppdatert ruteinformasjon i Fram-appen eller på frammr.no.