Kanselleringar i Hamnsundruta tysdag 21. mai

På grunn av utbetring av hurtigbåtkaia, blir det berre to avgangar frå Hamnsund tysdag 21. mai. Hurtigbåten vil gå frå Hamnsund kl. 07.15 og 08.10, men resten av dagen blir denne kaia stengt.

Hurtigbåt på sjøen. By i bakgrunnen. Foto - Klikk for stort bileteMS Kalvøy trafikkerer Hamnsundruta. Konrad Lillevevang

Til/frå Valderøya og Store Kalvøy, vil hurtigbåten følgje normal rutetabell.

For reisande som nyttar ein av dei to morgonavgangane frå Hamnsund, vil det på retur frå Ålesund bli sett opp eigen buss frå Skateflua med avgang kl. 15.50. Denne bussen vil korrespondere med busslinjene 231 og 232 på Hamnsund.

Ved retur seinare på ettermiddagen, må ein nytte dei ordinære busslinjene frå Moa trafikkterminal.

I FRAM-appen eller på frammr.no finn ein oppdaterte rutetider.