Justerer bussrutene for å passe med togtidene

Frå og med måndag 17. februar blir det midlertidige endringar i rutetabellane for enkelte av FRAM sine busslinjer. Dette blir gjort for å passe med nye togtider på Raumabanen og Dovrebanen.

Dovrebanen er delvis stengt på grunn av skadane på Otta jernbanebru som skjedde i januar, og det er buss for tog på delar av jernbanestrekninga. Frå 17. februar reduserer SJ Nord strekninga med buss for tog. Togtidene på Raumabanen blir frå same dato justert for å sikre betre korrespondanse med Dovrebanen.

Via Furneset ferjekai

FRAM justerer så langt det er mogleg rutetabellane for enkelte busslinjer for å passe med når toga kjem til Åndalsnes. Dette er busslinjene som køyrer til og frå Åndalsnes stasjon og som også er knytt til vidare reiser til Molde og Ålesund:

  • 420 FRAM Ekspress Molde–Åndalsnes
  • 482 Åndalsnes–Vestnes
  • 681 FRAM Ekspress Ålesund–Vestnes–Åndalsnes


Enkelte bussavgangar vil køyre via Furneset ferjekai på Vestnes slik at det skal vere mogleg å reise til Molde. Bussar som køyrer via Furneset vil bli skilta i høve til dette.

Også endringar Kristiansund–Oppdal

I tillegg blir det endringar på linje 901 FRAM Ekspress Kristiansund–Oppdal for å treffe betre med togtidene til Dovrebanen på Oppdal.

Har tilpassa der det er mogleg

Harald Harstad, seksjonsleiar for drift i FRAM, oppmodar alle reisande om å sjekke reiseplanleggaren i FRAM-appen, Entur-appen eller på FRAM sine nettsider.

– Sidan FRAM sine bussar ikkje er reine togbussar, men del av kollektivnettverket i fylket, klarer vi ikkje å få til korrespondanse med alle togtidene utan at det får for store konsekvensar andre stader, seier Harstad.

– Vi har gjort dei tilpassingane det er mogleg å få til, men det vil vere tog der vi ikkje har eit korresponderande busstilbod. Busslinje 420 kan for eksempel ikkje vente på toget på alle avgangar, fordi den må rekke ferja. Vi ber derfor alle reisande om å sjekke reiseplanleggaren for å finne oppdatert informasjon om si reise, avsluttar Harstad.

Det er venta at endringane vil vare fram til 22. april.