Forbetra frekvens på busslinje 701 frå 1. januar 2025

Frå 1. januar 2025 vil det bli enklare og meir effektivt for pendlarar å reise med busslinje 701 i Molde. Då får nemleg denne linja betydeleg betre frekvens, med avgangar kvart 15. minutt i rushtida.

Buss på busstopp. Passasjerar på veg inn i bussen. - Klikk for stort bileteDet blir endringar på busslinje 701 frå nyttår. Terje Aamodt

Dette er ein del av den nye kontrakten for busslinjene i Molde og Gjemnes, signert med Vy Buss AS i juli 2023.

I forbindelse med ruteplanlegginga til ny kontrakt, blei det gjort ein analyse av trafikken til busslinjene i kontrakten. Rapporten frå analysen anbefalte at 701 bør få auka frekvens i rushtida, sidan det er mange som bruker denne busslinja til å pendle til jobb. 

– Det er gledeleg for oss å kunne tilby avgangar kvart 15. minutt på 701 i rushtida, seier Malene Hammerstrøm, kontraktsansvarleg i FRAM.

– Dette er viktig for å møte veksten i innbyggarar i bydelen aust for Molde sentrum. Her er det mange som bruker buss til jobb og skole, så ei betring av tilbodet her er positivt for mange.

Må endre køyrerute

For at det skal vere mogleg å få til ei auke i frekvens for 701 innanfor dei økonomiske rammene som FRAM har, må det gjerast enkelte endringar i køyreruta til denne linja: 
Rapporten anbefalte å ta Djupdalen ut av 701, slik at denne busslinja går mellom Kvam og Dyrhaugbakken i Årølia. Bakgrunnen for anbefalinga, er avgrensa etterspørsel i Djupdalen, og at det er andre busslinjer med jamn frekvens som kan betene strekninga. Frå 1. januar 2025 vil altså Djupdalen bli betent av desse busslinjene:

  • 240 Midsund–Molde
  • 531 Molde–Hollingsholm–Malmeskiftet
  • 561 Aukra

Endringa får konsekvensar nokre av FRAM sine kundar i Djupdalen: 

I austleg retning vil bussane stoppe haldeplassen Djupdalen Vest. I vestleg retning må dei stoppe på haldeplassen Kringstad. Årsaka til dette, er at det ikkje vil vere trafikksikkert for busslinje 240, 531 og 561 å stoppe der 701 stoppar i dag. Dei vil kome til å hindre sikta for annan trafikk.

Dette betyr at frå nyttår får reisande frå Djupdalen same gangavstand som i dag, mens reisande til Djupdalen får 700 meter ekstra å gå til busstoppet.

Ikkje nedom flyplassen

I tillegg til endringa  i Djupdalen, kjem 701 ikkje lenger til å køyre nedom flyplassen.
For reisande med buss til og frå flyplassen, blir det busstoppa langs E39, Årøhagen og Årøkrysset, som må nyttast frå 1. januar 2025. Desse ligg om lag 450 meter frå terminalen på flyplassen.

– Kostnader, tidsbruk og den relativt korte avstanden til busstoppa langs E39, gjer at vi dessverre ikkje lenger kan tilby å køyre nedom flyplassen, seier Hammerstrøm.

– Auken i frekvens på linje 701 er dessverre ikkje mogleg utan at vi kuttar ut Djupdalen og flyplassen. Vi ser at dette vil gi lengre gangavstand for nokre av passasjerane våre, og det er sjølvsagt ikkje positivt. Men det totale busstilbodet i Molde vil bli forbetra frå nyttår, og vi er sikre på at mange vil syns at det blir enklare å bruke bussen, avsluttar ho.