Endringar i busstrasé ved Moa etter vegstenging
Vegen Vestmoa langs Herdbana ved Moa i Ålesund er stengd på grunn av gravearbeid. Stenginga vil vare i minst ein månad frå fredag 16. oktober og fører til endringar i trasé.
Publisert 19.10.2026 10.53
Sist endra 19.10.2026 12.40
Endringar for linje 2 og 12 på Moa
Alle avgangar på linje 2 og 12 som køyrer mellom Moa og Ålesund sentrum, vil nytte Moa trafikkterminal spor 3 i staden for gatestoppet.
Avgangar som berre køyrer mellom Moa - Fremmerholen og Moa - Magerholm, vil framleis nytte gatestoppet på Moa som vanleg.
Sjå oppdaterte bussruter i FRAM-appen og på frammr.no.