Endringar i bussruter til Valldal frå måndag 9. mars

Frå og med måndag 9. mars blir det endringar i reiseruta for passasjerar som skal frå Ålesund til Valldal på ettermiddagen.

Passasjerar må heretter reise med rute 100 frå Skateflukaia kl. 14.45, og deretter byte til rute 210 frå Sjøholt kl. 15.50.

Det blir ikkje lenger mogleg å ta rute 210 frå Korsegata/Volsdalsberga kl. 14.55 for vidare reise til Valldal.
Korrespondansen på Sjøholt mellom rute 210 frå Volsdalsberga kl. 14.55 og rute 210 frå Sjøholt kl. 15.50 blir dermed fjerna. 

Sjå oppdaterte rutetider i FRAM-appen eller på frammr.no.