Endringar i bussrute 331 frå 13. oktober

Frå og med måndag 13. oktober blir det endringar i bussrute 331 Fosnavåg – Runde – Remøy. Endringa gjeld køyringa til Goksøyr.

Dette blir nytt:

  • Bussen køyrer ikkje lenger til Goksøyr på dei fleste avgangane.
  • Goksøyr blir framleis betent to gongar dagleg med minibuss.
  • Ingen skuleelevar blir berørte av endringa
     

Årsak til endringa:

  • Vegen og snuplassen på Goksøyr er ikkje tilpassa stor buss
  • Feilparkerte bilar har skapt utfordringar over lang tid
     

Sjå  oppdaterte rutetider på frammr.no og FRAM-appen.