Endringar for bussar i Hustadvika

Frå onsdag 1. mai blir det endringar for nokre bussruter i Hustadvika kommune. Haldeplassar ved Sylte skule får også nye namn.  

Endringar for buss

  • Rute 510 Averøy - Eide – Molde får ei endring alle kvardagar.  Avgangstid frå Vevang til Fylkeshusa er endra frå 6.15 til 6.10.
  • Rute 510 Averøy - Eide – Molde får ei endring alle kvardagar.  Avgangstid frå Eide til Vevang er endra frå 6.00 til 5.55.


Nytt namn på haldeplass  

  • Haldeplassane på Sylte skule blir delt inn i Sylte skule og Lauvåsen.  
  • Dei to haldeplassane langs vegen får namn Lauvåsen.  
  • Haldeplassen ved skulen er framleis Sylte skule.  
     

Sjå reiseplanleggar for detaljar og oppdaterte rutetider.