Ålesund og Sunnmøre
Avganger som vart tatt ut av rutetabellen 1. mai, starter opp igjen 18. august, dette gjelder mellom anna:
- Kveldsavgang Fosnavåg-Hareid/Hareid-Fosnavåg mandag-fredag
- Kveldsavgang Garnes-Larsnes/Larsnes-Garnes mandag-fredag
- Lørdagstilbud mellom Nordøyane- Brattvåg/Hamnsund/Ålesund
- Nattbuss til Hessa
Det er også ein del endringer i samband med skulestart. Til dømes gjeld dette for Herøy kommune der ungdomsskolen på Stokksund er nedlagt og elevane skal skyssast til Herøy ungdomsskule.
Molde og omegn
Det blir nokre endringar i Molde og omegn. Mellom anna blei ein del nattbussar kutta i mai, men desse settast inn igjen i rutetabellen.
Kristiansund og omegn
Rute 812
Det blir sett inn igjen nokre avgangar på rute 812 mellom Kristiansund sentrum og Flatøy. Ein del avgangar som blei kutta i mai settast inn igjen i rutetabellen.
Rute 807
I Kristiansund blir det i ei periode endring i traséen for rute 807, i avgangane til Futura. Årsaka er vegarbeid.
- Turane med avgang kl. 11.07 og 13.07 køyrer via Rådhusplassen, Nerparken og St.Hanshaugen til Atlanten og vidare til Nordlandet, Futura, Nordlandet, Innlandet og Øvre bydel.
- Avgang kl. 15.07 køyrer ikkje til Futura, men har avgang kl. 15.35 frå Kristiansund trafikkterminal istadenfor. Den køyrer då den vanlege traséen via Innlandet og til Øvre bydel.
Sjekk oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren i FRAM-appen eller på frammr.no. Du kan også bruke Entur.