Endring på rute 905: Ny trasé via nyvegen på Hennset frå 1. juli
Frå og med måndag 1. juli 2025 vil rute 905 køyre nyvegen på Hennset på dei avgangane som går via E39 og Vinjeøra.
Publisert 03.07.2025 10.39
Sist endra 03.07.2025 15.30
Dette medfører følgande endringar:
- Haldeplassen Valsøya blir ikkje lenger betent. Reisande må nytte Bjørkvang E39 som alternativ.
- Desse haldeplassane blir ikkje betente når bussen køyrer nyvegen: Hestnes kryss, Otnes, Hennset, Hennset ferjekai og Henda.
- Nye haldeplassar langs nyvegen er Bjørkvang E39 og Glåmsmyra E39.
- Avgangar til/frå Klætten og Glåmen køyrer vanleg trasé via Liabøen og er ikkje berørte av endringa.
Sjekk oppdaterte rutetider i FRAM-appen og på frammr.no.