Endring i buss­trasé i Giske kommune frå 1. desember

Frå 1. desember blir det ny trasé rundt Giske rådhus. Ruta går via Øvstevegen mellom Øysenteret og Valderøy barneskule, med ny haldeplass ved Valderøy kyrkje.

Frå 1. desember 2025 blir det endringar i buss­traséen rundt Giske rådhus. Den nye ruta går via Øvstevegen mellom Øysenteret og Valderøy barneskule, og det blir etablert ny haldeplass ved Valderøy kyrkje.

Dette skjer:

  • Haldeplassen ved Giske rådhus blir ikkje lenger betent, med unntak av morgonturar til Giske ungdomsskule.
  • Haldeplassen Øysenteret blir betent i motsett retning av dagens løysing.
     

Sjå oppdaterte rutetider i FRAM-appen og på frammr.no.