Endring for linje 701 via Molde lufthavn

Frå måndag 19. februar blir det endringar for nokre av avgangane for linje 701 Årølia-Molde-Djupdalen.

Tidlegare har fleire avgangar gått innom Molde lufthavn, men nå vil kun bussavgangar som passar med flyavgang køyre ned.  

Årsaka er reduksjon i flyavgangar, slik at FRAM prioriterer ei meir effektiv rute.  

Sjå ruteplanleggar på frammr.no eller i FRAM-app for oppdaterte rutetider.