Frå klokka 18.00 laurdag blir det sett inn ekstra bussar mellom gatestoppet på Moa og Ålesund sentrum. Bussane køyrer skytteltrafikk før kampstart kl. 23.00.
Det blir køyrt to ulike traséar:
- Ein buss via Lerstad og Innfartsvegen
- Ein buss via Åse og Hatlane
Ekstrabussar etter kampslutt
Etter kampen blir det sett opp ekstra returbussar både frå sentrum og frå Moa. Desse blir tilpassa kampslutt.
- Avgang frå sentrum (Keiser Wilhelms gate) blir om lag 30 minutt etter kampslutt
- Avgang frå gatestoppet på Moa blir om lag ein time etter kampslutt
Bussen frå Moa vil følge linje 2-traséen via Lerstad og Innfartsvegen til sentrum.
Tillegg til ordinære ruter
Dei ekstra avgangene er i tillegg til ordinære ruter, og vil ikkje vil vere synlege i reiseplanleggaren i FRAM-appen. Reisande må derfor merke seg tidene som er opplyste i denne meldinga.
Aktivitet også rundt Molde - Aalesund
Det blir også eliteseriekamp mellom Molde – Aalesund på Color Line stadion laurdag 11. juli. Vy Buss har allereie eit opplegg med kommersielt busstilbod til kampane, men vil følge med på aktiviteten denne dagen. Dersom det blir behov, kan dei ekstra bussane frå FRAM bli sett inn tidlegare enn kl. 18.00.