Ekstrabussar etter VM-kampen i Molde
Det er venta mykje aktivitet i sentrum under kvartfinalen mellom Norge - England laurdag 11. juli. FRAM set opp ekstra bussavgangar etter kampslutt.
Publisert 10.07.2026 12.04
Sist endra 10.07.2026 12.07
Etter kampen blir det sett opp ekstra returbussar frå Molde trafikkterminal. Desse vil køyre om lag 30 minutt kampslutt, og blir tilpassa.
Bussane køyrer to traséar:
- Ein buss køyrer rute 701 frå Molde trafikkterminal - Årølia/Skrenten
- Ein buss køyrer rute 703-702 frå Molde trafikkterminal – Nordbyen - Bergmo
Tillegg til ordinære ruter
Dei ekstra avgangene er i tillegg til ordinære ruter, og vil ikkje vil vere synlege i reiseplanleggaren i FRAM-appen.