Ekstra bussavgangar til Jugend

FRAM styrkar rutetilbodet under festivaldagane i Ålesund 21. - 22. august.  

I samband med Jugend på Aksla stadion fredag 21. og laurdag 22. august, set FRAM inn ekstra bussavgangar for å møte stor pågang.

  • Det blir sett inn ekstra kapasitet på fleire avgangar mellom Moa – Ålesund sentrum og Valderøy - Ålesund sentrum mellom kl. 17.00 - 19.00.  
  • I tillegg blir det ekstraavgangar frå sentrum til Moa, Magerholm, Giske og Sula mellom kl. 22.00–01.00.
     

FRAM takkar alle reisande som kjøper billett i FRAM-appen før dei går på bussen. Dette vil bidra til raskare påstiging og betre flyt på ein dag med stor trafikk. Det lønar seg å bruke appen, så ein slepp ombordtillegg.  

Du finn oppdaterte rutetider i FRAM-appen eller på frammr.no.

Sjekk eigen informasjon frå festivalarrangøren om transport frå Ålesund sentrum opp til festivalområdet på Aksla stadion. Dette er ikkje ein del av FRAM sitt rutetilbod.