Ekstra bussavgang mellom Volda – Moa i sommar
Ein ekstra bussavgang mellom Volda og Moa settast inn frå 1. juli. Avgangen er 18.35 frå Volda, med retur frå Moa kl. 20. 35. Dette er ein respons på tilbakemeldingar frå reisande i regionen, etter ei justering tilpassa sommartrafikken.
Publisert 01.07.2025 15.02
Sist endra 01.07.2025 15.13
Nye avgangar i sommar:
- Frå Volda kl. 18.35
- Frå Moa kl. 20.25
Den ekstra avgangen mellom Volda og Moa vil gå kvardagar mellom 1. juli - 17. august 2025.
Sommarruter
I sommerperioden mellom 23. juni-17. august har FRAM eit noko redusert kollektivtilbod. Sommarrutene er ein konsekvens av den økonomiske situasjonen til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Viktig å synleggjere behovet
Basert på innspel frå passasjerane har det blitt sett inn ekstra avgangar i sommarperioden. FRAM håpar dette vil hjelpe dei som treng meir fleksibilitet i kollektivtilbodet.
FRAM oppmodar alle til å bruke bussen, slik at ein synleggjer behovet og legger grunnlaget for eit godt kollektivtilbod.
Sjå oppdaterte rutetider i FRAM-appen og på frammr.no.