Kaia har fått nye delar, mellom anna ny køyrebru. Det er den bevegelege delen av ferjekaia, som er mogleg å heise opp og ned.
I perioden kaia har vore stengd har det gått passasjerbåt mellom Midsund og Brattvåg.
Sanntidsskiltet blir ikkje sett opp igjen
I samband med oppgraderinga blei det gamle sanntidsskiltet på Dryna ferjekai fjerna. Denne typen skilt er teknisk utdatert, og det er usikkert om det vil fungere etter demonteringa. På bakgrunn av dette, og etter ei heilskapsvurdering av behov, kostnadar og nye informasjonsløysingar, blir ikkje skiltet sett opp igjen. Sanntidsskilta kjem til å bli fjerna alle stader etterkvart, i tråd med vurderingar som er gjort for andre ferjekaier i fylket.
Oppdatert ruteinformasjon og sanntidsdata er tilgjengeleg gjennom digitale tenester som frammr.no, FRAM‑appen, Entur‑appen og vegvesen.no/ferje
Ein kan også abonnere på trafikkmeldingar frå Torghatten.