Byttar reserveferje for Brattvåg - Dryna

MF Kvam er ny reserveferje på sambandet Brattvåg-Dryna. Den er sertifisert for fartsområde 3, som vil seie at den er bygd for å segle i delvis ope hav. Reserveferja erstattar MF Røsund.

Den “nye” reserveferja er frå 1977, og har dei siste åra betent to samband på søre Sunnmøre. MF Kvam har vore B-ferje i sommarhalvåret for Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, og reservefartøy for Årvika - Koparneset. I 2024 var den hovudfartøy på førstnemnde samband.

Ny motor i 2017

MF Kvam er eigd av reiarlaget Norled og har kapasitet til 35 personbilar og 150 passasjerar, inkludert mannskap. Ferja har salong både oppe og nede, og fekk ny motor i 2017.  

Felles reserveferje

Margreta Pilskog, kontraktsansvarleg i FRAM, fortel at fartøyet skal fortsette som reserveferje for dei to sambanda ytterst på søre Sunnmøre, i tillegg til Brattvåg - Dryna. FRAM er glad for at reiarlaget har fått på plass denne løysinga.

 - Vår erfaring er at felles reserveferje for fleire samband er ein god kombinasjon, seier ho.

 - Når ferja er i drift får ein halde ved like ferja og systema om bord på ein anna måte enn når ferjene ligg stille.