Busslinje 802, 821 og 823: Endringar frå 4. november
Det blir endringar på enkelte avgangar på busslinje 802, 821 og 823 frå og med måndag 4. november.
Publisert 01.11.2024 10.30
Sist endra 15.11.2024 14.05
Linje 802
Frå og med 4. november, vil turen med avgang klokka 07.52 frå Kristiansund lufthavn Kvernberget på linje 802, bli køyrd av linje 800 (skolerute Kristiansund). Denne turen vil ha same rutetider og køyre same trasé.
Linje 821
- Avgangen klokka 07.50 frå Tømmervåg ferjekai til Aure på skoledagar, er framskunda til klokka 07.45. Påfølgande avgangar på denne turen blir også framskunda fram til Vinsternes. Derfrå er rutetidene dei same som før.
- Avgangen klokka 12.35 frå Kristiansund trafikkterminal til Aure på kvardagar, er framskunda til klokka 12.30. Påfølgande avgangar på den same turen er også framskunda fram til Seivika ferjekai. Derfrå er rutetidene dei same som før.
Linje 823
- Avgangen klokka 08.05 frå Vågosen til Aure på skoledagar, er framskunda til klokka 08.00. Alle påfølgande avgangar på denne turen blir også framskunda med nokre minutt.
Oppdatert reiseinformasjon finn du i reiseplanleggaren her på frammr.no eller i FRAM-appen.