Busslinje 240 og 241: Justeringar i rutetidene frå og med 14. oktober

Frå og med måndag 14. oktober blir det enkelte justeringar for busslinje 240 og 214. Endringane er ei tilpassing av skoleskyssen. Endringane inneber at alle avgangar kl. 14.40 frå Midsund skule blir flytta til kl. 14.30.

Avgangen på linje 240 kl. 14.30 frå Midsund Servicesenter til Molde blir flytta fram til å gå frå Midsund Servicesenter kl. 14.25 og frå Midsund skule kl. 14.30. Avgangen Solholmen ferjekai er uendra. Turen køyrer alle kvardagar.

Oppdaterte ruteinformasjon finn du i reiseplanleggaren her på frammr.no eller i FRAM-appen. 

Det er også mogleg å finne rutetabellane som PDF på sida vår for rutetabellar og linjekart under fana som heiter Rutetabellar for Hustadvika, Midsund og Aukra.