Bussane tilbake i Keiser Wilhelms gate før planlagt

Kipervikgata i Ålesund opnar ei veke tidlegare enn planlagt. Frå laurdag 10. oktober er dei vestgåande bussane tilbake i Keiser Wilhelms gate.

Bussane i retning sentrum og Hessa har køyrt via St. Olavs plass sidan 17. august på grunn av vegarbeid i Kipervikgata. Når gata no opnar, går bussane tilbake til den vanlege traseen.

Endringa gjeld linje10, 11, 12, 18 og 21, i tillegg til skolebussane.

For linje 1 vil det framleis vere omkøyring i Nedre Strandgata grunna gravearbeid i Kirkegata.

Reiseplanleggaren i FRAM-appen og på frammr.no er oppdatert.