Buss: endringar i Ulsteinvik frå 19. mai
Delar av Øvrevegen i Ulsteinvik blir stengt frå 19. mai. Rute 301 får derfor ein alternativ trasé i ein periode.
Publisert 15.05.2025 07.24
Sist endra 05.06.2025 15.21
Frå måndag 19. mai blir haldeplassane Ulstein Vgs, Varleitekrysset og Nedre Varleite stengt. Bussane vil gå alternativ trasè Holsekerdalen, Støylesvingane og Øvrevegen. Det blir oppretta eit stopp i krysset Støylesvingane – Øvrevegen for reisande frå Varleite.
Oppdatering: Bussen vil gå tilbake til normal rutetrasé frå fredag 6. juni.
Sjå oppdaterte ruter i reiseplanleggaren i FRAM-appen og på frammr.no.