Ålesund/Giske, busslinje 32: endring for haldeplassen Giske rundkøyring frå 12. august

Frå måndag 12. august 2024 er det  haldeplassen med leskur sørvest for rundkøyringa som blir betent av linje 32 Ålesund-Godøya. Haldeplassen som har vore brukt hittil, vil ikkje lenger bli betent av linje 32.

I illustrasjonen nedanfor er den haldeplassen som vil vere i bruk frå 12. august, merka B, medan haldeplassen som ikkje lenger vil vere betent er merka med A.

Picture of a map that shows Giske rundkøyring (Giske roundabout) and bus stops marked A and B - Klikk for stort bilete