Ålesund: Furmyrhagen mot Moa, ikke Vingårdskiftet stengd midlertidig

På grunn av vegarbeid blir haldeplassane Furmyrhagen i reetning Moa og Brendehaugen gamlevegen (Ellingsøya) midlertidig stengde. Haldeplassen Vingårdskiftet i retning sentrum er ikkje stengd.

  • Haldeplassen Furmyrhagen ved Moa i retning mot Moa: haldeplassen vil vere stengd frå tysdag 25. juni til ca. 15. september. Alternativ haldeplass er Gatestopp Moa eller Vingårdskiftet.
  • Haldeplassen Brendehaugen gamlevegen (Ellingsøya): frå onsdag 26. juni fram til skolestart (19. august) vil alle avgangar gå frå fylkesveg 107. Det vil seie at bussen køyrer «nyvegen» mellom bussgarasjen og Brendehaugen i begge retningar.

Merk! Vi har tidlegare meldt at haldeplassen Vingårdskiftet ved Moa i retning sentrum skulle vere stengd. Vi hadde dessverre fått feil informasjon, så denne haldeplassen er ikkje stengd.