Avgjerda om kaia på sørsida av Ålesund kan bli brukt, blir teken av operatøren og kan skje på svært kort varsel.
Dei gongane fartøyet må bruke Skateflukaia, vil det gå etter ein alternativ rutetabell som du finn under. Vi ber deg vere merksam på at den alternative rutetabellen har færre turar enn den ordinære.
Alternativ rutetabell for 1148 Langevåg–Ålesund (PDF, 555 kB)
Fartøyet vil altså ikkje følge den alternative rutetabellen i ein gitt periode, men berre når situasjonen på sørsida er slik at kaia der ikkje kan bli brukt (vêr, anleggsarbeid eller ein kombinasjon av desse). Og fartøyet vil igjen bruke den ordinære kaia/ruta så snart forholda ligg til rette for det.
I tida med anleggsarbeid ved sørsida i Ålesund, oppmodar vi deg om å abonnere på Boreal Sjø sine trafikkmeldingar for rute 1148 Langevåg-Ålesund.