1066: Tre reiarlag samarbeider for å skaffe ferje til sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya

Etter iherdig jobbing både i går og i dag, har det no kome på plass ei løysing for sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Tre reiarlag samarbeider om ferjebyter for få på plass ferje i sambandet.

Sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya har vært utan ferje sidan reserveferja, MF Kvam, hadde ein samanstøyt med ferjekaia på Kvamsøya natt til måndag. Hovudferja MF Os er ute av drift med tekniske problem.

Fortvilelsen er stor på øyane, og spesielt blir næringslivet råka når dei ikkje får frakte varer med ferja. Tysdag meldte FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune at det var store utfordringar med å skaffe ferje som er sertifisert i fartsområde 3 som sambandet ligg i, og som kan legge til i alle ferjekaiene i sambandet.

No er det likevel kome på plass ei løysing, og den inneberer eit samarbeid mellom alle dei tre reiarlaga som har ferjekontrakter med FRAM: Fjord1, Torghatten Nord og Norled. Fjord1 og Torghatten vil no omdisponere ferjer frå sine samband, for at Norled skal få på plass ferje til øyane i Sande. Slik blir løysinga:

  • Ferja MF Haram blir lånt ut frå Torghatten Nord til Norled og vil gå i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.
  • Fjord1 låner ut MF Aukra til Torghatten Nord og denne ferja vil gå i sambandet Brattvåg–Dryna.

– Vi er svært glade for at vi no har ei løysing som gir øyfolket i Sande eit ferjetilbod, seier Hilde Johanne Svendsen, seksjonsleiar for drift i FRAM. 

– Reiarlaga har vist stor fleksibilitet og samarbeidsvilje, og det er vi i FRAM veldig fornøgde med.

Stor logistikkoperasjon

Omdisponeringa av ferjene får nokre konsekvensar for dei sambanda ferjene blir henta frå. Årsaka til dette er at det tek tid for ferjene å kome fram til dei sambanda dei no skal inn i. I tillegg må mannskapa få godkjenning for dei aktuelle ferjene og reglane for kviletid må følgast.

– Det er litt av ein logistikkoperasjon som FRAM og dei tre reiarlaga no skal i gang med, men det hastar med å få i gang igjen ferjesambandet på Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Det er fleire bedrifter der som må få frakta fisk og råvarer som kan bli øydelagde dersom stenginga trekk ut i tid. Dei har ikkje omkøyringsmoglegheiter, og derfor er det viktig for FRAM å få i gang igjen ferjetilbodet, seier Svendsen.

Svendsen opplyser at FRAM derfor har godkjent følgande endringar i ferjetilbodet:

1056 Brattvåg–Dryna, tysdag 16. januar:

  • Det blir i dag sett opp ekstraturar på sambandet, med avgang kl. 18.20 frå Brattvåg og kl. 18.45 frå Dryna. Dette blir dei siste ferjeavgangane i dag.
  • Resten av avgangane i kveld blir utført med passasjerbåt.

Onsdag 17. januar:

  • MF Aukra vil følgje normal rutetabell frå morgonen onsdag 17. januar. På grunn av kviletidskrav for tilgjengeleg mannskap, vil også avgangar på onsdag kveld vil bli utført med passasjerbåt. Oppdatert ruteinformasjon vil komme i reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen.
  • MF Aukra har gjennomkøyringshøgde 4 meter og 30 cm, mot 4 meter og 50 cm på MF Haram som går der i dag. Dette må tungtransporten vere merksam på.

1135 Sæbø–Leknes og 1136 Standal–Trandal–Sæbø–Skår–Valderøya–Store Kalvøy, onsdag 17. januar og inntil vidare:

  • Det blir alternativ rutetabell i rute 1135 og 1136, sjå frammr.no.

1066 Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya, onsdag 17. januar og inntil vidare:

  • Sambandet opnar igjen, med første avgang kl. 06.45 frå Voksa. Ferja følger normal rutetabell mellom Larsnes–Åram–Voksa fram til anløp Larsnes kl. 19.30.
  • På grunn av kviletidskrav og at mannskap må bli godkjente for ferja, vil det i vil det i første omgang bli litt redusert opningstid. Avganger i rutetabellen etter kl. 19.30 blir utført med ambulanse- og samfunnsbåten MS Liv.
  • Sidan ferjekaia på Kvamsøya fekk skader i samanstøyten og ferjekaibrua må bytast, vil det ikkje gå ferje til Kvamsøy før denne er bytta ut. Fylkeskommunen planlegg at dette skal gjennomførast torsdag denne veka. Anløp mellom Kvamsøya og Voksa vil inntil vidare bli utført med MS Liv.