1066 Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya: Utfordrande å skaffe ferje som kan gå i sambandet

Norled jobbar framleis med å få på plass ei ny ferje til sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Årsaka til at det tek tid, er mangel på ferjer med riktig sertifisering og utforming.

Då reserveferja i sambandet, MF Kvam, hadde ein samanstøyt med ferjekaia på Kvamsøya natt til måndag, var hovudferja MF Os ute av drift med tekniske problem, og det er den framleis. MF Kvam fekk skader i samanstøyten og må på verft.

Fartsområde og ferjekaier

– Sidan heile sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya ligg i fartsområde 3, må også ei ny ferje vere sertifisert for dette fartsområdet, opplyser Margreta Pilskog, rådgivar for drift i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er ikkje lovleg å gå med ei ferje med lågare sertifisering. I tillegg må ei ny ferje passe til ferjekaiene i sambandet, og her speler både størrelse, djupne og utforming inn, noko som snevrar inn talet på ferjer som kan nyttast.

– Det er ikkje mange ferjer som er sertifiserte for fartsområde 3 og per no er det ikkje ferjer som kan omdisponerast utan at det råkar andre samband i fylket, seier Pilskog og fortset:

– Vi beklagar at det tek tid å få på plass ei ny ferje. Vi forstår godt at dette er vanskeleg for dei som reiser med ferja, både for næringsliv og privatpersonar, og vi jobbar saman med Norled for å løyse situasjonen så raskt som mogleg.

Også ferjekaia på Kvamsøya fekk skader i samanstøyten. Ferjekaibrua må bytast, og etter planen skal fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune montere ny ferjekaibru torsdag denne veka.

Passasjerbåt i sambandet

Inntil vidare er det ambulanse- og samfunnsbåten MS Liv som betener sambandet. Ambulanseoppdrag har førsteprioritet. Pendlarruta går sin ordinære rutetabell, som ein kan finne på Sande kommune sine nettsider.

Elles vil MS Liv følge rutetabellen til ferja så langt det er mogleg. Det betyr at samfunnsbåten vil gå i ferja sine rutetider bortsett frå avgangen kl. 16.20 frå Larsnes som blir innstilt og i staden følger pendlarruta med avgang 16.00. Ferjeruteavgangen frå Kvamsøya kl. 17.10 blir innstilt og følger i staden pendlarruta med avgang kl. 16.50.

FRAM og Norled oppmodar passasjerar om å finne oppdatert ruteinformasjon i reiseplanleggaren i FRAM-appen og her på frammr.no, samt melde seg på SMS-varsling frå Norled. Informasjon om dette finn ein på norled.no.