1066 Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya: Sambandet er innstilt grunna samanstøyt med kai

Ferjesambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya er innstilt fordi ferja hadde ein samanstøyt med ferjekaia på Kvamsøya natt til måndag.

Det var reservefartøyet MF Kvam som opererte ruta då uhellet skjedde, sidan hovudfartøyet MF Os fekk tekniske problem laurdag. Norled jobbar no med alternative løysingar for å få sett inn ei anna ferje i sambandet. Inntil vidare er det passasjerbåten MS Liv som betener sambandet. Båten følger same rutetabell som ferja.

Det var 1 passasjer og eit mannskap på 4 om bord då uhellet skjedde. Det er ikkje meldt om personskadar. 

FRAM og Norled oppmodar passasjerar om å finne oppdatert ruteinformasjon i reiseplanleggaren i FRAM-appen og på frammr.no, samt melde seg på SMS-varsling frå Norled. Informasjon om dette finn ein på norled.no

Det vil komme oppdatert informasjon innan kl. 15 i dag.