1066 Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya: Ferjekaibrua på Kvamsøya må bytast

Etter samanstøyten mellom ferja MF Kvam og ferjekaia på Kvamsøya, er det no klart at ferjekaibrua må bytast.

Samanstøyten skjedde natt til måndag då MF Kvam skulle legge til kai på Kvamsøya. Ferjekaibrua fekk såpass omfattande skader at den må bytast ut. Ny ferjekaibru skal etter planen bli montert førstkomande torsdag.

Reserveferja MF Kvam må på verft, og hovudfartøyet MF Os er ute av drift. Norled jobbar framleis med å få på plass ei anna ferja i sambandet, men har på det noverande tidspunkt ikkje meir informasjon om dette.

Passasjerbåten MS Liv vil betene sambandet tysdag og onsdag. Båten vil følge same rutetabell som ferja.

FRAM og Norled oppmodar passasjerar om å finne oppdatert ruteinformasjon i reiseplanleggaren i FRAM-appen og på frammr.no, samt melde seg på SMS-varsling frå Norled. Informasjon om dette finn ein på norled.no.