1060 Åfarnes–Sølsnes: Set inn igjen to avgangar på natt frå 1. januar 2024

Etter vedtak i fylkestinget 11.–13. desember blir det sett inn igjen to avgangar på natt i ferjesambandet Åfarnes–Sølsnes frå 1. januar 2024.

Dei to avgangane som blir sett inn igjen er:

•    Frå Sølsnes klokka 01.40
•    Frå Åfarnes klokka 02.45

Dette vil gjelde på kvardagar og laurdagar frå og med 1. januar 2024.