1054 Eidsdal–Linge: Kviletidskrav kan føre til innstillingar

Ferjesambandet Eidsdal–Linge kan ein periode framover få innstillingar tidleg på dag dersom ferja har vore nytta i beredskap om natta. Tidlegare har Sjøfartsdirektoratet gitt dispensasjon frå kviletidskrav for beredskapssamband, men dette er no blitt stramma inn. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har definert sambandet Eidsdal–Linge som beredskapssamband etter ønske frå Helse Møre og Romsdal. I eit beredskapssamband er det mannskap om bord i dei timane på natta når ferja ligg still, slik at naudetatar kan rekvirere ferja ved behov. Ved beredskapsturar på natt, må mannskapet arbeide i den tida som er fastsett som kviletid. 

Fjord1 er operatør på sambandet og har søkt Sjøfartsdirektoratet om dispensasjon frå kviletidskrava, men i slutten av desember fekk dei avslag på søknaden.

Kan føre til innstillingar

Avdelingssjef i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, Stig Helle-Tautra, opplyser at dette gjer at viss ferja får beredskapsturar på nattetid framover, kan dette føre til innstillingar påfølgande morgon.

– I vinterhalvåret er det gjennomsnittleg to beredskapsturar per månad som blir gjennomført på nattetid. No jobbar vi saman med Fjord1 og beredskapsaktørane for å få på plass løysingar   så snart som mogleg, seier Helle-Tautra og fortset:

– Både beredskapen og passasjerane må ivaretakast, men vi må også overhalde kviletidskrava frå Sjøfartsdirektoratet. Fram til ei løysing er på plass, må vi derfor førebu passasjerane på moglege innstillingar.

Helle-Tautra oppmodar dei som nyttar ferjesambandet om å melde seg på sms-varsling frå Fjord1 slik at dei får melding om eventuelle innstillingar. 

– Vi gjer alt vi kan for å minimere dei negative konsekvensane dette kan få for passasjerane våre. Innstrammingane rammar også fleire samband langs heile kysten, ikkje berre i Møre og Romsdal.

Gjer ikkje lenger dispensasjon

I skipssikkerhetsloven er det fastsett at kviletida for mannskap minst skal vere 10 timar i løpet av ein kva som helst periode på 24 timar. I beskytta farvatn kan kviletida delast opp, men kravet er minimum 6 timar kvile i den eine av periodane. Det er dette kravet Sjøfartsdirektoratet tidlegare har gitt beredskapssamband dispensasjon frå, men som dei no altså strammar inn.