Reisegaranti

Her finn du informasjon om reisegarantien for bussane og hurtigbåtane våre.

Reisegarantien gjeld ikkje for ferjene. Reisegarantien gjeld heller ikke for flybussen i Ålesund eller andre kommersielle busslinjer. 

Reisegaranti for buss 

Det er viktig for oss at du kjem deg dit du skal, når du skal. Det kan likevel oppstå forseinkingar eller anna avvik i kollektivtilbodet, då vil vi:  

  • gje deg best mogleg informasjon om kva som skjer.  
  • så tidleg som mogleg gi deg informasjon om anna transport/reisevegar.  
  • i den grad det er praktisk mogleg, sette opp alternativ transport for deg.

Reisegarantien for busstransporten er bygd på den anbefalte bransjestandarden frå 2015, utarbeidd av Kollektivtrafikkforeningen og NHO Transport.

Reisegaranti for hurtigbåt 

Det er viktig for oss at du kjem deg dit du skal, når du skal. Det kan likevel oppstå forseinkingar eller anna avvik i kollektivtilbodet, då vil vi:

  • Gje deg informasjon om kva som skjer seinast innan 30 minutt etter fastsett avgangstid.  
  • Gje deg informasjon om anna alternativ transport.  

Reisegarantien for hurtigbåttransporten er bygd på den anbefalte bransjestandarden frå 2021, utarbeidd av Kollektivtrafikkforeningen, som bygger på EU nr. 1177/2010.

Relatert informasjon