Reisegarantien gjeld ikkje om det er 20 minutt eller mindre til neste avgang ifølge rutetabell.
Det blir ikkje gitt erstatning dersom du sjekkar sanntid i god tid før planlagd avgangstid og bussen tek igjen tapt tid, noko som resulterer i at bussen køyrer før sanntida først indikerte. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert i sanntid tett opp til avgangstidspunktet.
Reisegarantien gjeld heller ikkje om forseinkinga eller innstillinga skjer på grunn av forhold utanfor kontrollen til FRAM eller operatøren. Dette er tilfelle som (for eksempel):
- offentlege påbod og forbod
- streik og liknande
- naturkatastrofar
- ekstraordinære vêrforhold
- vegarbeid eller uførutsette problem med køyrevegen
- større arrangement eller andre trafikale forhold som i stor grad rammar kollektivtrafikken
- pandemi
Reisegarantien omfattar heller ikkje tap som følge av forseinkinga, som for eksempel mista tannlegetime, jobbavtale, togavgang eller flyavgang.
Når avvik som det er informert om på førehand skjer, gjeld ikkje reisegarantien.