Refusjon

Har du kjøpt ein billett du ikkje får brukt? Her finn du informasjon om korleis du søker om refusjon.  

Søk refusjon for billett

Søk om refusjon

Har du kjøpt billett i FRAM-appen, er det nok å sende kontaktskjema til FRAM Kundesenter med kundenummer og ordre-id for kjøpet. Det er ikkje nødvendig med refusjonsskjema.

Når kan du få refundert billetten din? 

  • Når du ikkje reise med oss lenger. Viss du for eksempel flytter, blir sjukemeldt, endrar reisemønster eller har en anna grunn til å søke om refusjon. 
  • Ved kjøp av feil reisestrekning, passasjerkategori eller tidspunkt/dato. Vi vil refundere billetten om du har kjøpt feil dersom du kjøper ny, korrekt billett. Refusjonen blir berekna frå du kjøper ny billett. 

Vi refunderer desse billettene: 

  • Periodebillett 7 dagar: Du får refusjon for tal resterande døgn.   
  • Periodebillett 30 dagar: Du får refusjon for tal resterande døgn.
  • Fylkesbillettane FRAM Ung, FRAM Student, FRAM Vaksen og FRAM Honnør: Du får refusjon for tal resterande døgn.
  • Reisekort: Du får tilbakebetalt verdien som gjenstår på reisekortet.
  • Enkeltbillettar etter feilkjøp og når ny, riktig billett er kjøpt.

Relatert informasjon