Denne personvernerklæringa gjer greie for Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM si behandling av personopplysningar.
Grunnleggjande krav til behandlinga av personopplysningar
Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har ansvaret for lagring og bruk av personopplysningane dine (behandlingsansvarleg).
Opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova, og bransjenorma for personvern og informasjonssikkerheit i elektronisk billettering.
Regelverk med verknad for Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM si behandling av personopplysningar
Personopplysningsloven inneheld regler om korleis personopplysningar som blir samla inn vil bli behandla, inkludert korleis dei blir sikra, kven som har tilgang og om de kan utleverast til andre.
Møre og Romsdal fylkeskommune si internkontroll
Etter personopplysningsforskrifta er alle verksemder som behandlar personopplysningar pliktige til å utarbeide eit internkontrollsystem. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit slikt internkontrollsystem.
Føremålet med behandling av personopplysningar i FRAM
Føremålet med behandling av personopplysningar er å ta hand om avtaleforholdet mellom Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM og våre brukarar. Dette inneber at vi skal kunne produsere billettane, belaste deg for riktig pris i forhold til bruken, skrive ut ulike billettar, erstatte eventuelle billettar og verdi på tapte registrerte kort, gjennomføre eventuelle refusjonskrav, og enklare identifisere moglege kjelder til feil ved reklamasjon eller andre forhold som kan oppstå i tenestene våre.
Slik behandlar vi personopplysningane i tenestene
Nettsida og reiseplanleggaren
Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) ei kanal for å finne ruteinformasjon og for Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM til å informere, kommunisere og marknadsføre kollektivtilbodet til FRAM. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlarane, samlar vanleg besøksstatistikk for nettsida ved hjelp av analyseverktøyet Monsido. Opplysningane blir berre nytta i samanheng med drifta og vidareutvikling av nettsida til FRAM.
Ingen informasjon blir send eller lagra utanfor EU, da Monsido driftar i samsvar med den til kvar ein tid gjeldande versjonen av EU si personvernforordning og dessutan lov om behandling av personopplysingar. Monsido har eit eigetutvikla statistikk- og analyseverktøy som anonymiserer IP-adresser for å sikre samsvar med GDPR. Opplysningar som Monsido tek i mot er underlagt deira retningslinjer for personvern.
For reiseplanleggaren blir Google Analytics brukt til statistikk. Statistikken er anonymisert.
All den informasjonen som blir samla inn er gjort anonym og kan ikkje bli brukt for å identifisere brukaren. Databehandlarane for desse tenestene er ACOS AS, Entur og AtB.
Reisekort og nettbutikken
Desse tenestane er laga for å tilby kundane moglegheita til å nytte elektronisk billett (reisekort) og kjøpe billettprodukt over nett (nettbutikken). Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, samlar inn informasjon og kontaktdata frå registreringsskjemaet i nettbutikken, informasjon om datoen kortet blei produsert, datoen for kjøp av billettane og kortnummeret til reisekortet. Denne informasjonen blir lagra i ei eiga kundedatabase hos databehandlaren.
Ved bruk av reisekortet og billettane på kortet, blir informasjon som t.d. sonene og haldeplassen du starta reisa i, klokkeslett og dato for bruken av reisekortet, kva for billett du har nytta og kortnummer på reisekortet ditt lagra.
Informasjonen blir samla inn til databasen kvar gang du les av reisekortet på ein kortlesar.
Personopplysningane vil ikkje bli nytta til å gi deg tilpassa marknadsinformasjon utan at du på førehand har kryssa av for dette på samtykkeskjemaet i nettbutikken.
Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, følgjer krava til informasjonssikkerheit i personopplysningsforskrifta kap. 2 og bransjenormen. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM kan nytte reisedata saman med kundeinformasjon dersom dette er initiert av din bruk av reisekortet, som oftast ved ein reklamasjon eller anna førespurnad frå deg som kunde.
Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, vil ikkje nytte reisedata saman med kundeinformasjon for å produsere statistikk, ved avrekning med samarbeidande selskap og normalt heller ikkje ved feilsøking. Databehandlarane for denne tenesta er FARA, Entur og AtB.
FRAM-appen
Denne tenesta er laga for å gjere planlegging av kollektivreisa og billettkjøpet mobilt for kundane. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, lagrar telefonnummeret ditt i appen til å identifisere deg med profilen. Om Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM vil bruke den registrerte informasjonen til andre føremål, t.d. å sende deg reklame eller informasjon ut over det som er nødvendig for å gjennomføre avtalen, vil fylkeskommunen hente inn samtykke frå deg ved inngåing av avtalen.
Appen bruker BugSnag for å samle inn informasjon om feilsituasjonar og bruksmønster, for enklare å kunne identifisere og rette opp feil og manglar. Informasjonen som blir samla inn under feilsituasjonar inkluderer statusen på eininga, unike identifikatorar på eininga, maskinvara på eininga og operativsystemet, informasjon relatert til korleis applikasjonen fungerer og plasseringa av eininga på det tidspunktet feilsituasjonen skjedde. For bruksmønster blir det samla inn informasjon om når og kor lenge appen er i bruk.
Firebase Authentication blir brukt til innlogging og brukarinformasjon blir lagra på Firestore. I tillegg blir Google Cloud Platform (GCP) brukt.
Google Analytics blir brukt til statistikk. Statistikken er anonymisert.
All den informasjonen som blir samla inn er gjort anonym og kan ikkje bli brukt for å identifisere brukaren, men blir delt med tredjepart som leverer tenester i appen. Databehandlarane av denne tenesta er AtB og Entur.
Kontaktskjema og e-post
Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) ein kanal for skriftleg, elektronisk kommunikasjon med Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM. I første leddet er det tilsette ved FRAM Kundesenter som har tilgang til den informasjonen du sender inn til Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM. Informasjon knytt til behandlinga av saka, kan bli delt gjennom kundekontaktverktøyet (Pureservice) som Møre og Romsdal fylkeskommune bruker og på e-post med andre tilsette i FRAM og andre Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har avtaleforhold med for å behandle førespurnaden (t.d. operatør og reiarlag). Informasjonen blir berre nytta til å administrere førespurnadene, og personopplysningane blir sletta frå førespurnaden og resten av opplysningane gjort anonym når saka er ferdig behandla, slik at den kan bli nytta til statistikk. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi oppmodar til å ikkje sende sensitiv eller fortruleg informasjon gjennom skjema eller e-post.
Reisegarantiskjema
Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) rettigheitar ved manglande leveranse av kollektivtransport. I første leddet er det tilsette ved FRAM Kundesenter som har tilgang til den informasjonen du sender inn til Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM på e-post/gjennom reisegarantiskjemaet. Informasjon knytt til behandlinga av saka, kan bli delt gjennom kundekontaktverktøyet (Pureservice) som Møre og Romsdal fylkeskommune bruker og på e-post med andre tilsette i FRAM, og andre Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har avtaleforhold med for å behandle saka (t.d. operatør og reiarlag). Informasjonen blir berre nytta til å behandle saka, og personopplysningane blir sletta og resten av informasjonen gjort anonym når saka er behandla. Slik at vi kan nytte den til statistikk for å betre kollektivtilbodet. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi oppmodar til å ikkje sende sensitiv eller fortruleg informasjon gjennom skjema eller e-post.
Refusjonsskjema
Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) ein kanal for skriftleg å be om refusjon for eit kjøpt produkt frå Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM. I første leddet er det tilsette ved FRAM Kundesenter som har tilgang til den informasjonen du sender inn til Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM på e-post/gjennom refusjonsskjemaet. Informasjon knytt til behandlinga av refusjonen kan bli delt med andre tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune på e-post eller gjennom kundekontaktverktøyet (Pureservice) for å behandle førespurnaden. Informasjonen blir berre nytta til å administrere førespurnadene, og personopplysningane blir sletta frå førespurnaden og resten av opplysningane gjort anonym når saka er ferdig behandla, slik at den kan bli nytta til statistikk. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi oppmodar til å ikkje sende sensitiv eller fortruleg informasjon gjennom skjema eller e-post.
Telefon
Denne tenesta er ein kanal kundane (kollektivreisande) kan kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM for ruteinformasjon over telefon. Alle samtalar gjort til telefonnummer 71 28 01 00, og eventuelt telefon 177 i Møre og Romsdal, blir behandla av tilsette ved FRAM Kundesenter. Ved kontakt blir berre informasjon som er nødvendig for å kunne svare på eller følge opp førespurnaden samla inn. Det kan vere kontaktinformasjon, sak, dato og klokkeslett, i tillegg til lengde på samtalen. Etter at førespurnaden er ferdig behandla, blir personlege opplysningar fjerna, for bruk til statistikk. Statistikken blir nytta for å kunne handtere førespurnadane betre. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Brev
Denne tenesta er til for at du som publikum og kunde kan kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM på ein skriftleg, analog måte. Alle brev sendt til adressa for FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N, blir behandla av tilsette ved kundesenteret. Ved kontakt blir berre informasjonen du sender brukt til å svare på eller følge opp førespurnaden. Det kan vere namnet, adressa og anna informasjon du gir i brevet. Etter at førespurnadene er ferdig behandla, blir personopplysningane sletta frå førespurnaden og resten av opplysningane gjort anonym, slik at den kan bli nytta til statistikk. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Utlevering av personopplysningar
Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM leverer ikkje ut personopplysningar til andre enn den registrerte sjølv, med mindre det føreligg ein rettsleg avgjerd eller heimel i lov. Anonym reisedata kan bli brukt til statistiske føremål, og kan dermed leverast ut til andre.
Samtykke
Dersom Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM sin behandling av personopplysningar skjer med grunnlag i samtykke, kan dette når som helst trekkast tilbake, og fylkeskommunen vil då avslutte den aktuelle behandlinga av personopplysningane.
Innsyn i eigne opplysningar
Det er høve til å be om innsyn i kva behandling av personopplysningar gjer. Du kan og når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg.
Retting/sletting av opplysningar
Dersom du finn at opplysningane om deg er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane retta/sletta.
Når det ikkje lenger er behov for personopplysningane vil dei bli sletta i tråd med regelverket.
Avgrensa behandling
I nokre situasjonar kan du be Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM avgrense behandlinga av opplysningar om deg.
Protestere mot en behandling av personopplysninger
Om Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM behandlar opplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av en interesseavveging, har du rett til å protestere på vår behandling av opplysningar om deg.
Dataportabilitet
Om Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller en kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til annen behandlingsansvarlig.
Personvernombod
Om du meiner Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM ikkje etterlever reglene i personopplysningsloven, eller har spørsmål til vår behandling av personopplysningar, kan du kontakte vårt personvernombod Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.
Klage på vår behandling av personopplysningar
Du kan også klage over Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM sin behandling av personopplysningar. Dette gjør du til Datatilsynet.
Kontakt
Har du krav om innsyn, retting/sletting av opplysningar, eller anna som gjeld Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM sin behandling av personopplysningar, kan du ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema på nettsida eller send eit brev til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.