Ofte stilte spørsmålLurer du på noko? Sjå om du finn svaret på spørsmålet ditt her, før du tar kontakt med oss. Vi har samla dei spørsmåla vi får aller oftast, og svarar på dei her.Vi har avgrensa bemanning til å svare på telefon, men om du ikkje finn svaret på spørsmålet ditt her, bruk kontaktskjemaet for å komme i kontakt med kundesenteret vårt.Ruteinformasjon finn du i reiseplanleggaren.FRAM-appen Eg har tekniske problem med FRAM-appen Start appen på nytt: Lukk appen heilt, og opne den igjen. Start telefonen på nytt: Slå av telefonen og slå den på igjen. Oppdatere appen: Sjekk om du har den nyaste versjonen av appen i App Store eller Google Play.Logg inn på nytt: logg heilt ut av appen, og logg inn igjen.Vi anbefaler at du slår på automatisk oppdatering i telefoninnstillingane dine. Om dette ikkje hjelper, ta kontakt med vårt kundesenter via kontaktskjemaet. Korleis ser eg om det er sanntid eller ikkje? I appen vil avgangar i sanntid ha ein grøn prikk framfor seg. Tidspunkt utan grøn prikk er rutetida. For å sjå rutetida for ein avgang som viser sanntid, kan du trykke på den og sjå planlagt rutetid streka over. Korleis slettar eg kontoen min? Om du ønsker å slette kontoen din kan dette gjerast i appen. Gå til Min profil og vidare til Rediger min profil. Der finn du ein knapp som heiter Slett min profil. Merk: Ikkje slett prfilen din om du har aktive billettar. Bruk opp billettane først, eller ta kontakt med kundesenteret om du har krav på refusjon. Aktive billettar forsvinn om du slettar profilen din. Kan eg fylle på ein konto i FRAM-appen? Nei, det er ikkje mogleg å fylle pengar på ein konto i FRAM-appen. For dette ventar vi på ei løysing frå ein tredjepart. Du kan derimot kjøpe billettar og sende dei til andre i FRAM-appen. Meir informasjon om korleis du kjøper billett til andre finn du her. Du kan også kjøpe periodebillett på vegne av andre i FRAM sin nettbutikk. Korleis sletter eg ein favoritt? Du kan slette og administrere favorittar under fana “Min profil” i appen. Mellom Ålesund og Nordfjordeid er det nokon avgangar eg ikkje får kjøpt billett gjennom FRAM-appen, kva gjer eg? På avgangar mellom Ålesund og Nordfjordeid har FRAM og Vy eit billettsamarbeid. Per no får vi ikkje til ei teknisk løysing gjennom FRAM-appen, så på avgangar der rutenummeret begynner på “VY” må du enten kjøpe billett gjennom Vy sin app om du vil betale på førehand, eller betale når du går om bord i bussen. Her skal du betale det same som om du hadde betalt i FRAM-appen, FRAM sine takstar gjeld på delstrekninga mellom Nordfjordeid og Ålesund. Det er ikkje behov for å bestille på førehand på denne delstrekninga.Nettbutikk Korleis brukar eg nettbutikken? Her finn du informasjon om korleis du brukar nettbutikken til FRAM.Kva gjer eg når personen eg skal kjøpe for har eigen profil? Dersom personen allereide har tilknytta eit reisekort til sin eigen kundeprofil hos FRAM, anbefaler vi at personen brukar billettane sine til dei er utløpt. Når alle billettane er utløpt kan dei slette reisekortet frå profilen sin. Deretter kan du leggje til den andre personen som ein ny person på din eigen profil, og leggje til den andre personen sitt reisekort der. Du vil då kunne kjøpe nye billettar på vegne av den andre personen. Eg har kjøpt periodebillett på bussen og vil registrere reisekortet mitt i nettbutikken. Korleis gjer eg det? Om du mistar billetten din, kan vi berre hjelpe deg om kortet ditt er registrert hos oss. Eit reisekort du har kjøpt på bussen er eit uregistrert kort, og du må etterregistrere det for at vi skal kunne hjelpe deg, til dømes om du mistar kortet ditt. Når du etterregistrerer kortet ditt via nettbutikken, må du svare på eit kontrollspørsmål for å verifisere at kortet er ditt. Sjå bilete under for meir informasjon om korleis dette gjerast. Dette fungerer berre for hovudkontoen din p.t. Om du skal registrere eit kort for å kjøpe periodebillett til andre i husstanden, under “Kjøp for andre”, må du inntil vidare sende ein førespunad til kundesenteret vårt via kontaktskjemaet for å få hjelp til å registrere kortet.Kor mange personar kan eg kjøpe for? Som privatperson kan du kjøpe for inntil 10 andre personar frå din eigen profil. Pris og sone Kan eg betale frakt og sende noko med buss eller båt? Privatpersonar: Det er ikkje lenger mogleg å sende noko med bussane våre som privatperson, grunna sikkerheit og framføringstid. Bedrifter: Bedrifter kan sende pakker med FRAM sine bussar og hurtigbåtar med førehandskjøpte fraktmerke. Du finn meir informasjon om pris og vilkår her.Korleis betalar eg for ferje? Som passasjer reiser du alltid gratis i Møre og Romsdal. I tillegg er fleire ferjesamband i Møre og Romsdal også gratis for bil.Meir informasjon om betaling på ferje finn du her. Eg har ein periodebillett i ei sone og skal reise til ein anna sone. Kva er best for meg? Har du for eksempel periodebillett i Ålesund og skal reise ein tur til Kristiansund, kjøper du enkeltbillett for sonene etter Ålesund. Du må da kjøpe enkeltbillett for Sone Molde og Kristiansund i tillegg. Om du har kjøpt billetten i appen, må du huske å validere enkeltbilletten når du passerer sonegrensa. Kor ofte må eg reise per uke for at periodebillett skal lønne seg? Eksempel: Vaksen, innafor 1 soneOm du reiser meir enn fem turar innafor ei sone i uka, lønner det seg med periodebillett framfor enkeltbillett. Enkeltbillett 48 kroner x 5 turar x 4 uker= 960 kroner. Periodebillett 30 dagar kostar 847 kroner. Vaksen, innafor 2 soner Om du reiser meir enn tre turar innafor to soner i uka, lønner det seg med periodebillett framfor enkeltbillett. Enkeltbillett 96 kroner x 3 turar x 4 uker= 1152 kroner. Periodebillett 30 dagar kostar 1172 kroner. Korleis har soneinndelinga blitt akkurat slik? Vi har analysert masse data frå vårt system for å gjere det enklast mogleg for våre reisande. Det er blitt sett nøye på reisemønster til arbeidsreisande, slik at færre slepp å krysse sonegrensa til og frå jobb. Og vi håper at sonene er enklare å forstå. Sonestrukturen er sett av Fylkestinget, og er politisk bestemt. Det same gjeld takstnivået (pris per sone). Kan eg bruke billetten min i andre soner så lenge kvar reise kun foregår i ei sone? Nei. Billetten i FRAM-appen eller på reisekortet ditt kjøpast for bruk i ei valt sone (eller soner). Har du billett i app eller på reisekortet, vil det ikkje lyse grønt på lesaren/scannaren om bord om du går om bord i ei sone du ikke har billett i. Kva billett må eg ha for å få familierabatt helg? På bussreiser laurdag, søndag og heilagdagar (med unntak av 17. mai), kan du som er i kategoriane vaksen eller honnør ha med inntil fire barn under 18 år gratis, så lenge reisestrekninga er lik og er innafor ei sone. Du kjøper ein vanleg enkeltbillett i appen og leser av/scannar billetten som vanleg, eller kjøpar om bord hos sjåfør (da kjem eit tillegg på 20 kroner som eit påslag på prisen). Kvifor må eg betale eit tillegg på prisen når eg kjøpar ein billett hos sjåfør? I Møre og Romsdal er bortimot alle bussar og båtar utstyrt med bankterminalar. I tillegg kan du betaler med kontantar. Men sjølv om du kan kjøpe billett om bord, ønsker vi helst at du skal kjøpe billett på førehand gjennom app eller nettbutikk. Ombordtillegget er eit tiltak for å gjere kollektivtrafikken meir punktleg. Difor er det viktig at flest mogleg kjøper billett på førehand. Da kjem alle raskare frem. Og det er billegare. Frå Rindal og Heim er det billettsamarbeid med AtB for dei som er busett i desse kommunane, korleis fungerer dette?Tilbodet er på grunn av eit vedtak i Trøndelag fylkeskommune. Det er inngått avtale om at dei som reiser med FRAM sine linjer innanfor Trøndelag, får same takst som elles i Trøndelag. For å få “Trøndertakst” må ein kjøpe billett i AtB-appen, og denne billetten skal manuelt sjekkast og registrerast av sjåfør på aktuell strekning. Kjøper ein billett om bord, vil ein ikkje få “trøndertakst”. AtB-billetten gjeld kun for reiser innafor Trøndelag. Skal du reise mellom Trondheim og ein destinasjon i Møre og Romsdal kjøper du billett hos FRAM. Det er ikkje mogleg å kombinere ein AtB-billett med ein billett frå FRAM. Skal du reise frå Trondheim til ein stad i Møre og Romsdal, kjøpast billetten for heile strekninga hos FRAM.