Bruksvilkår for nettbutikken
Før du kan begynne å bruke nettbutikken til å kjøpe billett og sjekke verdi på reisekortet, treng du å lese og godta bruksvilkåra. Informasjonen ligg tilgjengeleg i nettbutikken og her på denne sida.
Produktinformasjon
Produkta du kan kjøpe i nettbutikken er elektroniske reisebevis. Dei elektroniske billettane er knytt til eit kontaktlaust reisekort frå Fram i Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er nødvendig å ha eit reisekort for å kunne bruke nettbutikken. Etter kjøpet vil kortet bli aktivert når det kjem i kontakt med ein kortlesar som har blitt oppdatert med informasjon om kjøpet ditt.
Via nettbutikken kan du kjøpe periodebillettar. I tillegg er det mogleg å fylle på reisepengar/verdi på kortet.
Prisar
Alle prisar er i norske kroner og blir vist både med og utan meirverdiavgift. Totalkostnaden for kjøpet vil framkomme før bestillinga. Prisane er i høve til gjeldande takstregulativ. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er takstmyndigheit, og prisen vil bli endra når ein endrar taktsregulativet.
Sals- og leveringsbetingelsar
Ekspedering av bestilling
Alle bestillingar blir behandla automatisk av billettsystemet. Etter utført kjøp vil ordren bli lagt klar for distribusjon til billettmaskinane.
Leveranse
Distribusjon av ordre til billettmaskinane skjer ein gong i døgnet, og startar kl. 05.00. Eit kjøp skal difor normalt være tilgjengeleg neste dag. Ordren blir lagt inn på reisekortet når kortet er i kontakt med ein kortlesar. Ein bestilling er levert når han er lagt inn i reisekortet. Dersom ordren ikkje er lagt inn på reisekortet innan 6 månadar etter kjøpet, vil ordren bli sletta.
Betaling
Betalinga skjer i nettbutikken. Ved handel blir betalinga behandla av PayEx, som tilbyr ei sikker elektronisk betalingsløysing for Visa og MasterCard/Eurocard. All kortinformasjon blir lagra i samband med kortselskapenes regelverk. Det vil ikkje bli lagra opplysningar om betalingskortet i nettbutikken.
Refusjon
Periodebillett
Ein periodebillett kan løysast inn i den perioden det er gyldig for. Vi kan sjekke om billetten er nytta til og med den dag billetten vert sperra. Refusjon vert gjeve etter denne formelen: Pris for periodebillett med frådrag av 2 reiser pr. dag til enkeltbillett minus 17 prosent rabatt (som for verdidel).
Refusjon av periodekort ved sjukdom
Krav om refusjon meldast til FRAM Kundesenter, fram@mrfylke.no. Billetten blir sperra for bruk, og refusjon vert gjeve mot legeerklæring med 1/30 av billettprisen (30-dagars billett) pr. dag billetten ikkje har vore nytta.