På bussane til FRAM mellom Nordfjordeid og Stryn og på Skyss si busslinje 180 til og frå Stryn, betalar du for éi tilleggssone viss du reiser inn eller ut frå Vestland.
FRAM sine takstar gjeld hele vegen for desse linjene:
- 351 Volda-Nordfjordeid
- 250 Ålesund-Stryn
- 180 Stryn-Ålesund (Skyss)
Du kan kjøpe periodebillett frå FRAM for desse strekningane.
Periodebillettane for heile fylket, FRAM Vaksen, FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Honnør, gjeld ikkje utanfor Møre og Romsdal. Har du ein slik billett, må du kjøpe tilleggsbillett for den delen av reisa som går i Vestland.
Mellom Ålesund og Nordfjordeid kan du ikkje lenger bruke FRAM-billettar på avgangane til det kommersielle tilbodet til Vy. Du må bestille billetten på førehand av Vy og det er Vy sine ordinære prisar som gjeld.
Reiser med Vy 430 Bergen-Ålesund-Bergen
For å sikre god handtering av skoleskyss, er det lage ei avtale mellom FRAM og Vy for linje 430 Bergen-Ålesund-Bergen mellom Volda og Ålesund. Skoleelevar med eit gyldig skoleskyssbevis kan bruke linje 430 på alle avganger utan å betale for ein ekstra billett.
Andre reisande med gyldig periodebillett frå FRAM, kan bruke to avgangar utan ein ekstra billett:
- avgangen klokka 07.35 frå Volda til Ålesund
- avgangen klokka 15.35 frå Volda til Ålesund
På øvrige avgangar for linje 430, gjeld Vy sine ordinære prisar, og billetten må du bestille på førehand av Vy.