Hund på buss
Hund kan reise om bord på alle bussane. For hund betaler du takst som for barn 6-17 år. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.
FRAM Ekspress
- Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen.
- Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang.
- Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang.
- Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden.
- Ved siste avgang for dagen, kan vi ikkje avvise reisande med hund.
Hund på hurtigbåt
På hurtigbåtane skal hund bli frakta i eiget bur/kasse når dei skal vere i salongen om bord på hurtigbåten. Om hunden ikkje er i eigen bur/kasse, skal han vere på eiget angitt område utanfor salongen, anvist av mannskapet.
Reglane skal sikre at hunden ikkje kjem i kontakt med stolar, tepper og liknande i salongen av omsyn til allergikarar og andre reisande. Reglane gjeld ikkje for førarhunden saman med ein blind/svaksynt, nyttehund og politihund.
Hund på ferje
På ferjene gjeld reglane reiarlaget som køyrer ferja har for hund. Kontakt mannskapet om bord for å høyre kva reglane er.
Katt
Du må betale barnebillett for katt om bord i buss og hurtigbåt. Katten må være i bur eller veske om bord i bussen eller hurtigbåten. For øvrig gjeld same reglar som for hund.