Bestillingstransport
Bestillingstransport er eit rutetilbod som berre køyrer når nokon har bestilt. Transporten går ofte med minibuss eller drosje. Tilbodet blir ikkje køyrt på offentlege fridagar/heilagdagar. Nedanfor finn du informasjon om pris, bestilling og korleis transporten fungerar.
Vi er i ferd med å bytte til eit nytt bestillingssystem så per i dag har vi to ulike system i bruk. Dette inneber at bestillingssystemet på nett ser litt ulikt ut avhengig av kva område du vil bestille i.
Bestilling
- Bestill på nett ved å bruke lenkene nederst på denne sida. I områda med nytt system (Ørsta/Volda flyplasstransport og Haram, er nettbestilling tilgjengeleg fram til bestillingsfristen går ut. For alle andre område må nettbestilling gjerast seinart 15.30. Dette gjeld og turar som startar før kl. 10.00 dagen etter. Bestillingar til "Natt" må gjerast seinast kl. 15.30 fredag.
- Bestill på telefon 71 28 01 00 i opningstida til FRAM Kundesenter som er kvardagar 08.00-16.00. Vi anbefalar å ringe seinast 15.30. Telefonbestilling via FRAM Kundesenter må gjerast seinast 15.30 sjølv om bestillingsfristen er seinare. Bestillingar til "Natt" må gjerast seinast kl. 15.30 fredag.
Sjå bestillingsfristen for den ruta som er aktuell for deg i brosjyra for aktuelt område.
Pris
Vaksen: kr 50,00.
Barn 6-17 år: kr 25,00.
Barn under 6 år reiser gratis i følge med vaksne. Det er ikkje honnør- eller studentrabatt på bestillingstransport.
Du betalar til sjåføren med kort eller kontantar. Periodebillettar gjeld ikkje på bestillingstransport.
Det kan forekomme unntak frå denne prisinga. Eventuelle unntak blir beskrive i brosjyra for aktuelt område.
Slik fungerer transporten
- Du må bestille på førehand. Turen køyrer berre når nokon har bestilt.
- Transporten stoppar berre der reisande skal hentast eller sleppast av. Køyretida kan difor variere.
- Bestillingar blir samordna, slik at turen kan gå innom fleire hente- eller leveringspunkt på vegen.
- Bestillingstransporten dekker eit definert område og du må bli henta og levert innanfor det definerte området.
- Du må vere klar 5 minutt før avtalt hentetidspunkt.
- Møter du ikkje til turen som er bestilt, vil vi fakturere deg for utgiftene vi har med bestillinga/turen.
Ulike typar bestillingstransport
FRAM har tilbod om ulike typar bestillingstransport. Kva typar transport som er tilgjengeleg, kan vere ulikt frå område til område.
Tilbringartransport
Ein tur heimanfrå til ein av haldeplassane/kaiene til FRAM sine bussar, hurtigbåtar og ferjer, eller frå haldeplassen og heim igjen. Korresponderer med bestemte avgangar eller ankomstar. Turen blir alltid lagt opp slik at du skal rekke den bussen, båten eller ferja det er korrespondanse med.
Servicetransport
Ein tur heimanfrå til kommunesentrum eller eit anna handels-/servicesenter, eller frå eit slikt sentrum og heim igjen.
Natt
Ein tur heim frå offentleg arrangement på kveld- og nattetid i helgene. Natt vil på sikt erstatte Trygt heim for ein 50-lapp som er tilgjengeleg i nokre område, og er særleg tiltenkt ungdom opp til fylte 25 år.
Oversikt over tilbodet
Her finn du brosjyrer som beskriv tilbodet i kvart enkelt område der bestillingstransport er tilgjengeleg. Du finn og ein vegleiar for å bruke den nye bestillingssystemet vi har tatt i bruk og som per no gjeld for Haram og flyplasstransport til og frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden. For å bestille, klikkar du på den blå boksen for aktuelt område.