Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM-appen

Enda enklare for deg som reiser kollektivt. I FRAM-appen kan du søke i reiseplanleggaren, kjøpe billetten og sjekke avgangen for bussen, hurtigbåten og ferja gjennom mobilen. Alt samla, og du kan nytte den i heile fylket.

Søk reise

Det er lett å søke seg fram i reiseplanleggaren. Vel staden du skal reise frå og staden du skal reise til, kva for tid du skal reise og trykk søk. Du kan søke på namn på staden, stoppestad, posisjonen din og velje frå kartet. For enkelt å kunne søke på rutene du ofte reiser, kan du velje å lage favorittar for både strekningane og avgangane. Etter å ha valt reisa, kan du kjøpe billetten rett frå reiseplanleggaren.

Kjøp billett

I denne appen kan du kjøpe både enkeltbillett og periodebillett. Du kan velje å aktivere billetten med ein gong du kjøper han eller å aktivere han seinare om du er tidleg ute. Billettane dine samlar seg i lista over kjøpte billettar, slik at du enkelt kan hente opp aktive, ikkje-aktive og utgåtte billettar. Om du vil ha sendt kvitteringa for billettkjøpa til e-posten din, og bli minna om billetten som går ut, kan du det.

Sjekk avgang

Ofte kan det vere greitt å berre kunne sjekke avgangane som køyrer i nærleiken av deg akkurat no, og det kan du. Når du let appen finne posisjonen din, kan du velje å sjekke både den næraste stoppestaden, avstanden dit og rutene som er innom. Heilt enkelt.

Gjeld for FRAM

Ruteinformasjonen og billettane som er tilgjengelege i appen, gjeld for strekningane Møre og Romsdal fylkeskommune handterer i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM. Ruteinformasjonen gjeld for all den rutegåande kollektivtrafikken med bussane, hurtigbåtane og ferjene i fylket. Billetten gjeld for bussane og hurtigbåtane, og ferje om eitt eller fleire ferjesamband er inkludert i reisestrekninga til bussen.

Merk! FRAM Ung kan du bruke på ferja utan bussreise.

Last ned FRAM-appen

FRAM-appen er tilgjengeleg i Apple App Store og Google Play. For å laste ned appen, klikk på lenkene til app-butikkane nedanfor. For ytterlegare informasjon om appen, sjå sals- og bruksvilkåra for FRAM-appen eller i appen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00